God kveld ! Evt. god morning ! Etter mykje om og men har eg bestemt meg for å poste dette spørsmålet. Har tenkt nøye om, spesielt med tanke de på "utenomfordlige" postane som ikkje høyre heime her på forumet. Men dette hjelp jo forsåvidt ein motor. og motorar er vel ganske like sjølv om det er ford eller opel ?!? Dei er jo begge to forbrenningsmotorar Til mitt forsvar kan eg sei at eg har betalt medlemskontigenten i FMCN og eg har ein sierra ståande på tunet. (+ eg gjekk med ford skjorte i dag) Problemet er berre det at no er bruksbilen min ein opel ascona b. 78 modell. Motoren er ein 2.0N CIH. Og denne driv og kokar heile tida. Så forrige helg tok radiatoren kvelden med ein kjempesprut. Den blei bytta, ilag med termostaten. Fekk ut lufta av systemet og gjorde alt etter boka. Alt var veldig bra i nokre minuttar, så steig temperaturen igjen. Så fant man ut at det var vatn i oljen, og at toppakninga var gått til h*****e. Toppakning blei bestilt ASAP, fekk han i dag og skifta han i kveld. Men når vi hadde skrudd driten ihop at og kjørt ein liten runde, så nådde jo temperaturmålaren den øverste streken. Og det blei litt varmt i motoren og i kjølevatnet. Så no skjønner ikkje eg kva som er gale. Me tok kvelden no, og skal fortsette i måra. Då skal me ta på heilt ny olje (sikkert første gang dette milleniumet). Og nytt oljefilter. Som ein siste mulighet skal me og ta ut termostaten. Visst han då fortsette og koke... ja... noken som vil kjøpe ein ascona ? Er det noken som kan hjelpe meg med dette ? Og kan det "bli bra" ved at me berre skiftar oljen ? Vil unnskyld eingang til for at eg posta ein post ang. opel. Håper det går bra ! God natt mvh Daniel